NB! På disse filmene kan det fort bli fullt!
Første person til mølla gjelder.
Det er ikke mulig å reservere plasser.
SJEL
SØNDAG 28 MAI
Start kl 15:00
Adgang med Bajazz-billett
Jazzfilm på Bajazz!
Kva er det som gjer deg til... DEG? I Pixar sin ”Sjel” møter vi Joe Gardner, ein lærar på ungdomsskulen som får sitt livs største sjanse. Han får spele på den beste jazzklubben i byen, men eit feilsteg tar han langt vekk frå gatene i New York til det hinsidige. Ein fantastisk stad der nye sjeler får si personlegdom, sine særtrekk og interesser. Joe er fast bestemd på å returnera til livet sitt og slår seg saman med den skeptiske sjela 22. Som aldri heilt har skjøna kva som er så fint med livet på jorda. Mens Joe desperat prøver å syne 22 kvifor eitt liv er verdt å leve får han kanskje også svar på nokre av livets store spørsmål. Aldersgrense: 6 år

TIL STEDE
TORSDAG 1 JUNI
Start kl 18:00
Adgang med Nattjazz Festivalpass, Nattpass 2 eller Dagspass 1/6
Musikkdokumentar!
Med refleksjonar rundt natur, kreativitet og identitet tar ”Til Stede” oss bak kulissane og formidlar korleis det er å vera musikar. Med folkemusikk og hardingfeletradisjonar i Telemark som tematikk, føl vi Marianna Sangita A. Røe, Ana Julie Verbelen og Johanna Seim sin skapartrong og refleksjon.
​
Q&A med Johanna Seim og Charlotte Myrbråten

EG HAR ORD
​
FREDAG 2 JUNI
Start kl 18:00
Adgang med Nattjazz Festivalpass, Nattpass 2 eller Dagspass 2/6
​
Side Brok studerer seg sjølv
EG HAR ORD er ein musikalsk og humoristisk dokumentarfilm om ord; lyden av ord, meininga av ord, og alt som skjer der imellom. Rappartist og regissør Runar Gudnason, kjend som frontfigur i den norske rappgruppa Side Brok, reiser tilbake i tid for å finne ut kvifor han sjølv vart rappar. Han møter tidlege inspirasjonskjelder i Danmark, men finn ut at han også må heim til Hovdebygda i Ørsta og familien sin for å finne svara. Ei personleg historie om tilhøyrsle og sakn.
​
Q&A med Runar Gudnason og Charlotte Myrbråten
