NATE WOOLEY COLUMBIA ICEFIELD
Saturday May 30 USF Verftet
Nytt trompet-talent!
NATE WOOLEY trompet, elektronikk MARY HALVORSON gitar RYAN SAWYER trommer SUSAN ALCORN pedal steel
Vegen frå å spela i eit danseband i Oreagon til vill impro med Anthony Braxton og John Zorn er kortare enn du trur, i alle fall om ein tar turen via Melee, Graveyards og Akron/Family. Nate Wooley er ein nykomar på jazzscena, men har allereie satt spor etter seg – både i samspel og som soloartist. Med Columbia Icefield-prosjektet har han lagt hardnoise på hylla og nærmar seg musikken med ein meir romantisk stil. Låtane er tileigna den største isbreen i Rocky Mountains, lydlandskapa er digre og iskalde, musikken er hypnotisk.