top of page
PessoaWEB2.jpg
LITTERATUR UNPLUGGED:Fernando Pessoa - Å vere ein annan

LØRDAG 3. JUNI / CINEMATEKET USF / 14:00

Gratis inngang.

Litteratur unplugged: Fernando Pessoa – Å vere ein annan

Likar du  lydbøker?  Her gjer vi det live.  Presentasjon og langlesing av Fernando Pessoa, Portugals nasjonalpoet.

 

I samarbeid med Skald forlag, Bergen offentlige bibliotek og Tekstallianse presenterer Nattjazz  «Litteratur unplugged» der du får oppleve litteratur lest live frå scena. 

Først ute er «Fernando Pessoa – Å vere ein annan» – ei langlesing av den portugisiske nasjonalpoeten sine tekstar nyleg gitt ut i Skalds renommerte klassikarserie. Opplesar: Øystein Vidnes

 

«Med ein slik mangel på litteratur som finst i dag, kva anna kan eit stort talent gjere enn å omdanne seg, heilt åleine, til ein litteratur?», skreiv Fernando Pessoa om forfattarskapen sin som består av over hundre ulike forfattarstemmer – eller heteronym som han sjølv kalla det. 

 

Omsetjar Øystein Vidnes har dukka djupt inn i den portugisiske nasjonalpoeten Fernando Pessoas forfattarskap. No er han aktuell med omsetjinga av «Å vere ein annan» der han har sett saman tekstar som skal føre oss tett inn på nokre av Pessoas mest sentrale forfattarstemmer. 

bottom of page